No kan du læra å laga freistande dessertar

KAKEFEST: Det blir også kakekonkurranse i helga, seier Astrid Trulssen, leiar i marknadsnemndi. (Pressefoto)

KAKEFEST: Det blir også kakekonkurranse i helga, seier Astrid Trulssen, leiar i marknadsnemndi. (Pressefoto)

Av

Smak av Sogn matfestival og årets haustmarknad i Lærdal går av stabelen til helga.

DEL

- Det seier seg nesten sjølv at det under ein haustmarknad i ei bygd som Lærdal blir stort fokus på mat. Sjølvsagt får ein heilt lokale varer frå markens grøde her i dalen, og tillegg har me påmeldingar frå seljarar som tilbyr alt frå spekemat til rakfisk og anna fisk, pipebrød og ymse eksotiske matvarer. Så at det blir noko for ein kvar gane er heilt sikkert, seier leiar i marknadsnemndi, Astrid Trulssen, i ei pressemelding.Også når det kjem til skinn og ull, antikvitetar og interiør, motor og fritidsutstyr er det mykje å sjå på og handla for marknadsgjestene.

Smak av Sogn

Bodsalet under Haustmarknaden skjer til helga, men alt i dag, onsdag, startar Smak av Sogn Matfestival med ymse matkurs.- Sjølvaste radiokokken i Sogn og Fjordane, Steinar Lindstrøm, skal ha dessertkurs med oss onsdag. Torsdag blir det kurs i grautlaging med Hanne Stedje, som står bak bak instagramkontoen Graut utan grenser. Fredag arrangerer me ølsmaking i samarbeid med Lærdalsøren Hotel og Skifjorden Bryggeri, og søndag held me cupcake-kurs for born, seier Johanne Heien i Smak av Sogn.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken