- Eit band som set i gang rockefoten og som får fram allsang hjå publikum

Lustrabandet Folk Flest er klare for Jordeplerock. (Pressefoto)

Lustrabandet Folk Flest er klare for Jordeplerock. (Pressefoto)

Av

Lustrabandet Folk Flest er klare for Jordeplerock.

DEL

Folk Flest er det tredje bandet i rekkja av årets line up. Kjartan Lauritzen og Stavangerkameratene er dei to andre som er klare for å løfta taket i Lærdal i sommar.Torgeir Skjerdal, marknasansvarleg i Jordeplerock, meiner lustrabandet passar perfekt inn i årets line-up.- Folk Flest har allereie spelt fleire konsertar og på fleire festivalar i Sogn, og med eit debutalbum i ermet føler me det er på tide å hente dei til Jordeplerock. Me ser fram til den fantastiske stemningen Folk Flest vil lage mellom fjord og fjell i fagre Lærdal.I spissen for bandet står Sogn si nye store songstjerne Einar Bolstad, kjend for Sogn og Fjordane-sangen og Julesong-turnè i vinter. Med Bolstad på scena torer arrangørane Jordeplerock å garantere gåsehudfaktor også.- Dei andre medlemmane er røynde musikarar, og musikken vert framført på dei «rette instrumenta»: fele, banjo, mandolin, gitarar, bass, trommer og sjølvsagt fleirstemt song, seier Skjerdal, og legg til at publikum får høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidepokar og sjangrar innan country og irsk musikk. Skjerdal fortel at songane dei framfører er henta frå artistar som mellom anna The Dubliners, The Pogues, Steve Earle, James Taylor, Willie Nelson, Johnny Cash, Merle Haggard, Vince Gill og The Waterboys.

Glade og stolte arrangørar

Marknadssjefen legg ikkje skjul på at Jordeplerock er svært glade og stolte over å presentere eit sogneband som del av årets line-up.- Me har allitid med lokale bidrag på festivalen, og tykkjer det er spesielt viktig å gi lokale nyetablerte band og artistar ei scene å stå på slik at dei får vist seg fram lokalt. Skjerdal seier at tre nyhender ventar framleis på å bli slept, og lovar ein god miks mellom sjangrar.- Me gler oss veldig til å visa fram den komplette line-upen. Som alltid har fokuset vore å ha ein god miks mellom sjangrar slik at me kan treffe eit breitt publikum. Det kjekkaste me veit er kommentarane me får om at Jordeplerock passar for alle og at alle har det moro med oss - det er det som er poenget.- Me ser fram til eit nytt knallår i 2019. Billettsalet startar snart, så me oppfordrar alle til å følge med i våre sosiale kanalar dei komande vekene.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken