Natt til søndag fekk politiet melding om forstyrringa av nattero ved ei adresse i Sogndal.
– Ein patrulje vart sendt dit, og då dei kom fram var det 30 til 40 personar samla, fortel oppdragsleiar Beate Træen i Vest politidistrikt til Firda.
Ifølge smittevernreglane for private samlingar er det berre lov å vera 20 personar samla.
– Politiet tok ein prat med arrangøren av festen om smittevern, og så vart det slutt på moroa.