ILLUSTRASJONSFOTO

Ferjetrøbbel på Fodnes fredag morgon

Dragsvik-Hella-Vangsnes er i drift igjen.

Publisert 18.10.2019 kl. 06.29. Oppdatert kl. 07.56.

Siste: På ferjesambandet Fodnes-Mannheller er det redusert kapasitet på B-avgangane inntil vidare på grunn av tekniske utfordringar, melder Fjord 1.

Samstundes vert det opplyst at rute 1104, Dragsvik-Hella-Vangsnes er går som normalt etter litt trøbbel tidlegare i dag.

 På sambandet mellom Lavik og Oppedal var det B-avgangen det var tull med. Den vart innstilt frå klokka 07.30, opplyser Norled. Også her er årsaka tekniske problem.

Klokka 07.42 opplyser Norled at B-avgangen mellom Lavik og Oppedal går som normalt frå klokka 07.30.


Les meir om: Nyhende Balestrand Vik