Gå til sidens hovedinnhold

Fem vart ferska i full fart

Politiet i Sogndal hadde fartskontroll natt til søndag.

Fagleiar for patrulje og innsatsleiar Svein Inge Harberg seier til Sogn Avis at det vart utført ein laserkontroll i 80-sona på Kaupanger laurdag kveld. Det enda med at fem bilførarar fekk forenkla førelegg for å ha hatt det litt for travelt.

- Høgste fart vart målt til 109 kilometer i timen, seier Harberg.

Det er ikkje lenge sidan politiet tydeleg varsla om at det vil bli fleire fartskontrollar framover.
Då hadde tre bilførarar mista lappen i løpet av få dagar på grunn av høg fart.

Kommentarer til denne saken