Gå til sidens hovedinnhold

Fem ungdomar i ulukke - tre til sjukehus i Førde

Artikkelen er over 1 år gammel

Det var fem ungdomar i bilen som køyrde i fjellveggen i Naustbukttunnelen på fv.53 i Årdal.

- To av dei vart sjekka av lokal legevakt i Årdal og klarert ut, medan tre av dei er sendt til Førde sjukehus, seier tenestestadsleiar Magne Knudsen.Bil køyrde i fjellveggenOnsdag ettermiddag er han saman med ambulansepersonell og anna innsatspersonell på debriefing etter ulukka.- Me hadde mange folk i beredskap og det vart gjort ein god jobb av alt innsatspersonell, seier Knudsen.

Til sjukehus

Det har versert litt ulike tal om kor mange av dei involverte i ulukka som vart sendt til sjukehus, men like før klokka 17.00 onsdag stadfestar Knudsen at det rette talet er tre personar.- Alle som var i bilen var ungdomar, seier Knudsen, som ikkje kan seia noko om skadeomfanget på dei som er sendt til sjukehus.- Det har vore stor energi i samanstøyten, så då er det rutine at dei skal til Førde for grundig sjekk der. Noko utover det kan eg ikkje uttala meg om dei helsemessige tilhøva.

Etterforskning

Knudsen opplyser at det er gjort avhøyr på staden av både dei som var involvert i ulukka og vitne. Det vil også bli teke avhøyr av dei som er sendt til sjukehus.- Etterforskninga vidare vil visa kva som kan vera årsaka til ulukka, seier Knudsen.

Kommentarer til denne saken