Fem positive koronatestar

Torsdag morgon melder Helse Førde om fem nye positive testar.

DEL

Helse Førde melder at det onsdag blei analysert 305 prøvar. Av dei var fem positive.

Dei positive prøvene kjem frå kommunane Kinn og Stad, opplyser helseføretaket.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken