Fem fjordingar i Høgre-toppen – berre to sogningar på lista

Berre to sogningar har fått plass på Høgre-lista for Sogn og Fjordane valkrins til stortingsvalet 2021.

DEL

Desse er Geir Arve Sandvik frå Luster på 6. plass og Solfrid Fossberg frå Leikanger på 8. plass.

– Komiteen har hatt eit luksusproblem, med langt fleire gode kandidatar enn dei ti plassane me har hatt til rådvelde, og listeframlegget vårt inneber noko fornying, samstundes som mange kandidatar er meir kjende og erfarne politikarar, seier nominasjonsnemndsleiar Vidar Grønnevik i ei pressemelding.

Grotle på topp

– I Sogn og Fjordane valdistrikt har me innstilt Olve Grotle på fyrsteplass, seier Grønnevik i pressemeldinga, og held fram:

– Grotle er utdanna jurist og er ordførar i Sunnfjord kommune, etter å ha vore ordførar i Førde i to periodar før dette, og i tillegg leia prosessen med å slå saman kommunane Naustdal, Jølster, Gaular og Førde på ein førebiletleg måte. I tillegg er han leiar av Høgre sitt kommunalutval, og han møter i partiet sitt arbeidsutval som består av partileiar, dei to nestleiarane og nokre få andre personar.

Ifylgje pressemeldinga har nominasjonsnemnda levert eit framlegg som gjev Høgre eit best mogeleg utgangspunkt for å sikra eit mandat på Stortinget frå Sogn og Fjordane, og dermed bidra til fire nye år med Erna Solberg som statsminister.

Samrøystes

På dei neste plassane fylgjer fjordingane Sven Flo frå Stryn, Elisabeth Birkeland Hatlenes frå Bremanger, ungdomskandidaten Elias Eide frå Sunnfjord, og Beate Dybendal Nordvik frå Gloppen, før sogningen Geir Arve Sandvik dukkar opp på sjetteplassen.

Her er heile lista

Nominasjonsnemnda innstiller fylgjande liste for Høgre i Sogn og Fjordane valkrins til stortingsvalet 2021:

  1. Olve Grotle, f. 1964, Sunnfjord
  2. Sven Flo, f. 1968, Stryn
  3. Elisabeth Birkeland Hatlenes, f. 1980, Bremanger
  4. Elias Eide, f. 2001, Sunnfjord
  5. Beate Dybendal Nordvik, f. 1972, Gloppen
  6. Geir Arve Sandvik, f. 1966, Luster
  7. Bjørn Hollevik, f. 1956, Kinn sør
  8. Solfrid Fossberg, f. 1948, Sogndal
  9. Anne Kristin Lilleaasen, f. 1965, Sunnfjord
  10. Arlene Oddbjørg Vågene, f. 1975, Kinn sør

Den endelege lista vert vedteken på nominasjonsmøtet 8. november.

Framlegget frå nominasjonsnemnda er samrøystes, og i større grad enn tidlegare har nemnda basert sitt arbeid på bidrag frå medlemene.

– I tillegg til at lokallaga har levert innspel til lista, har me denne gongen også gjennomført ei uravrøysting blant alle medlemene. Det har resultert i eit stort tal tilbakemeldingar, og nemnda sitt framlegg fell i stor grad saman med kva medlemene har gjeve råd om, seier Grønnevik i pressemeldinga.

Den endelege lista vert vedteken på nominasjonsmøtet 8. november.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken