Felleskjøpet Agri vurderer å leggja ned to kraftfôrfabrikkar, den eine av desse i Florø. Grunnen er kutta i mjølkeproduksjonen, melder Nationen.
Med verknad frå 1. juli 2020 er det slutt på eksportstøtta for jarlsbergost, noko som fører til at produksjonen av 100 millionar liter mjølk skal kuttast i Noreg. Då vert det mindre behov for kraftfôr.
Dermed står 22 personar i fare å missa jobben ved dei to fabrikkane i Florø og Balsfjord.
Det er styret i Felleskjøpet som skal avgjera om fabrikkane skal leggjast ned.