Gå til sidens hovedinnhold

Felde innstilt som leiar i Vestland bondelag

– Me i valnemnda er svært nøgde med at noverande fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag takkar ja til å vere vår kandidat til vervet.

Det seier leiar i valnemnda Kjell Humlestøl i ei pressemelding.

– Anders Felde har gjennom vervet som fylkesleiar i Sogn og Fjordane vore ei tydeleg røyst på vegner av ulike produksjonar og bruksstorleikar. Han har stor kunnskap om dei landbrukspolitiske samanhengane, og eit pågangsmot som vil kome godt med i viktig arbeid som leiar i Vestland bondelag.

Nestleiar

Noverande leiar i Hordaland Bondelag, Peder Nernæs, har takka ja til å ta på seg vervet som nestleiar i Vestland bondelag.

– Peder driv med mjølke- og kjøtproduksjon og har sagbruk på Mundheim i Kvam Herad i Hardanger. Nestleiarvervet vil vere eit viktig verv, når fylkesstyret skal skape aktivitet og få fokus på landbruk i eit geografisk svært stort område, held Kjell Humlestøl fram.

Valnemnda innstiller på følgjande styremedlemer i styret for Vestland bondelag:

· Kari Sigrun Lysne, Lærdal

· Marianne Nordhus, Kvinnherad

· Ole Bjarne Hovland, Årdal

· Knut B. Hauso, Ullensvang

· Gry Ingvild Agjeld, Stryn

· Linda Kristin Oppedal, Sunnfjord

· Lars Bø, Voss

Som vara til styret innstiller valnemnda:

· 1. vara: Olav Myhr, Alver

· 2. vara: Nils Magne Gjengedal, Gloppen

· 3. vara: Kjersti Hjelmeland, Kvinnherad / Jørund Kvestad, Ullensvang

Vala vert gjennomførte i Skipingsmøtet til Vestland bondelag torsdag den 12. november. Grunna situasjonen med Covid 19 vil møtet verta gjennomført digitalt.

– Dette er ikkje ein ideell situasjon når to fylkeslag skal slå seg saman. Det absolutt beste hadde vore å kunne møtast fysisk, men med dagens stigande smittetal for Covid 19 vil det ikkje vere mogleg, seier Humlestøl.

Kommentarer til denne saken