Fekk melding om påkøyrd hjort

Publisert 23.08.2019 kl. 06.37.

I 23-tida torsdag fekk politiet melding om at ein hjort var påkøyrd i Lavik. Viltnemnda vart varsla, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå politiet.


Høgsesongen for påkøyrsler av hjort er rekna å vera frå oktober og utover hausten og vinteren, men Kollteit opplyser at dei også på denne tida får melding om påkøyrsler langs vegane.


- Det er ein og annan hjort som blir påkøyrd, fortel han.


 


Les meir om: Nyhende Notis Politi