FEKK KVALITETSPRISEN: Frå venstre: Arve Varden (administrerande direktør i Helse Førde), prisvinnar Torgeir Finjord (utdanningsansvarleg overlege i medisinsk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde og lektor ved Universitetet i Bergen) og Anne Kristin Kleiven (utviklingsdirektør i Helse Førde). (Foto: Helse Førde)

Fekk kvalitetspris: - Eg ante verkeleg ingenting

Kvalitetsprisen i Helse Førde er tildela overlege Torgeir Finjord ved Førde sentralsjukehus.

Publisert 17.10.2019 kl. 21.30.

- Dette var veldig kjekt. Eg kjenner meg audmjuk, seier Finjord som vedgjekk at han blei litt stressa då hans namn blei ropt opp som vinnar på den årlege kvalitetskonferansen i Helse Førde.


Pasientryggleik

I grunngjevinga for tildelinga heiter det at Finjord får prisen for sitt systematiske forbetringsarbeid bygd på forskingsbasert kunnskap og klinisk erfaring, der målet heile tida er stadig utvikling av praksis til beste for brukarane.


I samband med innføring av tiltak for å betre pasienttryggleiken har Finjord vore sentral innan undervisning på fredagsmøte, deltaking i prosjektgrupper og i arbeidet med innføring av ei rekkje tiltak. Han har syn for samarbeid og samhandling, og ser kva som er råd å få til i ein hektisk kvardag.


Meiningsfylt

- Eg driv på med deg eg gjer fordi eg synest det er kjekt. Eg opplever det som meir meiningsfullt å vera lege i dag enn då eg kom ut nyutdanna. Den gongen var doktoren i fokus, no er det pasienten, seier prisvinnaren.


Finjord er også oppteken av kvalitet i utdanning av legespesialistar. Han er utdanningsansvarleg overlege i medisinsk avdeling, og underviser som lektor ved Universitetet i Bergen for studentane frå Bergen ved Førde Sentralsjukehus.


Arbeidskapasitet og moral

- Finjord har særs stor arbeidskapasitet og har høg arbeidsmoral. Pasientar, pårørande og kollegaer får grundig og god oppfølging. Torgeir er ein særs dyktig overlege som Helse Førde er stolt av å ha tilsett, sa administrerande direktør Arve Varden då han delte ut prisen.


Prisen er på 80.000 kroner og skal nyttast til vidare kvalitets- og forbetringsarbeid i medisinsk avdeling. Vinnaren får også eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås.


Les meir om: Nyhende Helse