Fekk kjempebot etter kontroll

Ein sjåfør måtte punga ut 25.000 kroner etter ein kontroll på Håbakken natt til torsdag.

DEL

Grunnen var at han kom køyrande i eit vogntog med 8 sommardekk og mangla 6 kjettingar.

Vedkomande var langt i frå den einaste som måtte punga ut etter trafikkontrollen natt til torsdag

Ein anna førar fekk ei kraftig bot etter å ha køyrt med to dekk med mønster under lovleg minimum og fordi han mangla fem kjettingar. Denne sjåføren må bla opp 11.500 kroner.

Det vart også delt ut gebyr til ein sjåfør for å ha køyrt med slitte dekk.

Eit vogntog var overlasta, og selskapet fekk eit overlastgebyr og vogntoget måtte ned på lovleg vekt før vidare køyring. Føraren fekk gebyr for manglande kjetting.

Ein anna førar fekk gebyr for manglande vognkort og for å ha køyrt med dekk der mønsteret var under lovleg minimum.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken