Gå til sidens hovedinnhold

Fekk grei beskjed frå politiet

Det har vore ei relativt roleg natt i Sogn.

– Det har i alle fall vore stillare enn natta før, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Sogn Avis. Politiet fekk i løpet av kvelden og natta to meldingar om feststøy, ein i Sogndal og ein på Hafslo.

– I Sogndal fekk festdeltakarane beskjed om å dempa seg, altså skru ned musikken. Det verkar som om det vart gjort, ettersom me ikkje fekk nye meldingar om dette, seier Magnussen.

Han legg til at det var ein god del folk ute i Sogn i løpet av natta, men at det let til å ha gått rolegare føre seg enn natt til 1. mai.

Kommentarer til denne saken