Hilde G. Corneliussen og Carol Azungi Dralega har markert seg med forsking på dataspel og integrering (Foto: Vestlandsforsking)

Fekk forskarpris for arbeid om dataspel og innvandrarungdom

Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking fekk prisen under Fjordkonferansen 2018 i Ålesund.

Publisert 26.06.2018 kl. 17.52.

-  Det var veldig kjekt å vinna forfattarprisen i år, i eit felt av så mange sterke bidrag. At akkurat vårt kapittel vart trekt ut er ei anerkjenning av at forskinga vår er relevant og viktig i forståinga av korleis teknologi er med på å forma verda i lever i, seier Carol Azungi Dralega i ei pressemelding frå Vestlandsforsking.


Det var Sparebanken Møre som delte ut prisen til forskarane.


Artikkelen "Gaming and identity construction among immigrant youth in Norway" vart vurdert som den beste artikkelen blant 20 bidrag i Fjordantologien 2018, går det fram i pressemeldinga.


Tildelinga fann stad under Fjordkonferansen som vart arrangert 21. - 22. juni i Ålesund, og det var Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking som tok imot prisen på 10.000 kr på vegne av prisvinnarane.


Hjelpa gutar til å få vener

Forskarane fekk prisen for sitt arbeid om integrering og dataspel blant ikkje-vestlege innvandrarungdom i alderen 16 til 19 år.


Studien viser blant anna at å spela dataspel kan hjelpa innvandrarungdom å få vener og bli gode i norsk. Dette var gjeldande for gutane, men ikkje jentene.


- Det har vore ei veldig hyggeleg oppleving å publisera i Fjordantologien, og me er takksame for den gode oppfølginga me har fått undervegs frå redaktørane, seier Hilde G. Corneliussen i samband med prisutdelinga.


Møteplass for fagmiljø

Frå juryen heiter det mellom anna: "Artikkelen representerer en meget nyttig kommentar til den brennaktuelle integreringsdebatten. Med sin pluralistiske tilnærming til identitet, gir den innsikter som går bak og forbi de mest stereotype og monolittiske oppfatninger av integrering i lokalsamfunn eller nasjon."


Artikkelen Dralega og Corneliussen fekk forskarpris for kan lesast her.  (Ekstern lenke)


Fjordkonferansen er ein møteplass for fagmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Konferansen i 2018 er den sjette i rekkja og samla rundt 100 deltakarar.


Det er Høgskulen i Volda, NTNU, Høgskulen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking som har teke initiativet til Fjordkonferansen. Målet med konferansen er å skapa ein møteplass for fagmiljøa der formidling, læring og fagleg utvikling skal stå i fokus. I tillegg til Sparebanken Møre er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen med og finansiere konferansen, heiter det frå Vestlandsforsking.


 


Les meir om: Nyhende Forsking Sogndal

Siste saker Gå til framsida