Fekk bruksforbod for defekte bremselys

Publisert 10.01.2019 kl. 17.04.

Eit vogntog som vart stoppa under ein tungtransportkontroll på Håbakken torsdag fekk bruksforbod då ingen av bremselysa på tilhengaren virka.


Bremselysa måtte ordnast før vidare køyring. Førar vart også meldt til politiet for forholdet. Både bil og tilhengar hadde i tillegg tekniske manglar.


Ein anna sjåfør vart melde til politiet for brot på køyre- og kviletidsreglane. Førar hadde ikkje hatt nok døgnkviler og pausar, medan ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort til tilhengar.


Totalt vart 99 køyretøy registrert under kontrollen. 


 


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida