Fekk bot på 3.800 kroner for overlast

Ein sjåfør vart meld til politiet, og ein sjåfør fekk ei bot på 3800 kroner då Vegvesenet gjennomførte kontroll på Håbakken natt til torsdag.

DEL

Ein nederlandsk sjåfør meldt for alvorleg brot på døgnkvilen. Sjåføren skulle ha gjennomført ei kvile på minimum 9 timar, men kan berre dokumentera at bilen har stått i ro i 1 time og 41 min i løpet av periode på 26 timar.

Ein svensk transportør fekk bruksforbod for ikkje å ha god nok dokumentasjon for å utføra eit nasjonalt transportoppdrag i Noreg.

Ei estlandsk motorvogn fekk bruksforbod på grunn av teknisk mangel på bremser.

Ei norsk motorvogn fekk ikkje køyra vidare på grunn av ei stor diesellekkasje, som kunne ha ført til brann i og

ved motoren.

Ein norsk sjåfør måtte sikra lasta betre før vidare køyring.

Ein litauisk transportør måtte betala 3800 kroner i overlastgebyr og lasta av til rette vekter på motorvogna.

Artikkeltags