TAPTE: Elise Thorsnes og LSK tapte for Barcelona (Arkivfoto).

Fekk bank i mesterligaen: - Sprang rundt som ein tulling

Elise Thorsnes var temmeleg misnøgd med eigen prestasjon etter kvartfinalen mot Barcelona.

Publisert 21.03.2019 kl. 06.17.

Spanjolane tok leiinga etter tre minutt og leia 3-0 etter ein god halvtime. Det vart også sluttresultatet i den historiske kvartfinalen for Elise Thorsnes og LSK.

Spissen frå Leikanger var særs sjølvkritisk med tanke på eigen prestasjon etter tapet.

- Dei er så ballsikre og det går så fort at når du går på for å pressa veit du at dei har to eller tre å spela til, så det er neste ikkje noko vits. Eg følte at eg sprang rundt som ein tulling og gjorde nesten ingenting, seier Thorsnes til NRK etter kvartfinalen

Det er første gong LSK er i ein kvartfinale i meisterligaen. I fjor vart dei utslegne av Manchester City i åttandedelsfinalen. Neste onsdag er det klart for returoppgjer på Åråsen.


Les meir om: Sport Fotball Leikanger

Siste saker Gå til framsida