STRENG DISIPLIN: Hanne Eide sin veg til EM har vore prega av streng sjølvdisiplin framfor noko. Etter konkurransen i Spania var det rett av garde for å feira med pannakaker og is. (Foto: Privat)

Feira med pannekake og is etter EM-deltaking i bikinifitness

Ho gjekk ikkje vidare til finalen, men Hanne Eide frå Årdal er stolt over eigen innsats i Spania.

Publisert 06.05.2019 kl. 12.56. Oppdatert kl. 14.05.

- Så var eg ferdig for denne sesongen. Eg er stolt over prestasjonen min gjennnom heile oppkøyringa og alle konkurransane eg har vore med på, seier Eide, som denne helga har delteke i EM i bikinifitness i Santa Susana ved Costa Brava-kysten, om lag ein times køyring nord for Barcelona.


Vegen til EM har vore prega av streng sjølvdisiplin framfor noko. Sjølv med treningsgrunnlaget og muskelmassen i orden, krev bikinifitness og andre greiner innanfor kroppsbygging streng kontroll av matinntak i vekene fram mot konkurranse.


20-åringen har i vår teke to førsteplassar, i Sandefjord Open og Oslo Grand Prix. I tillegg har ho no altså fått moglegheit til å representera det norske landslaget i eit europameisterskap.


- Eg takkar alle som har gjort EM-draumen til ein fantastisk oppleving. No startar ny diett med overskot for å gjera kropp og hovud sunt igjen etter lang tid med fokus på feittprosent og form.


Framover skal årdalsjenta bruka tida på kjærasten, vener og familie, men strekar under at dette ikkje er siste gang ho står på ei scena med glitterbikini, høge hælar og ymse remediar som skal til for å sjå best mogleg ut.


- For eit eventyr dette har vore. Eg gler meg til det som skal skje vidare, seier ho.


Les meir om: Sport Årdal