Fastrentesatsane som gjeld frå 1. mai i år er:

  • 3 år: 2,354 prosent
  • 5 år: 2,403 prosent
  • 10 år: 2,501 prosent

Alle dei tre fastrentene går litt ned sidan førre anledning til å binda renta frå 1. mars i år. Tre- og tiårs fastrente går ned men høvesvis 0,342 og 0,351 prosentpoeng, medan fem års fastrente går ned med 0,401 prosentpoeng.

Den flytande renta frå 1. mai er 2,599 prosent.

Forventar lågare flytande rente

Lånekassen og andre verksemder som er pålagt å nytta staten si basisrente får kritikk for at rentene ikkje er sett ytterlegare ned.

– Den måten Lånekassen er forplikta å berekna sine renter på, inneber ar me ikkje fullt ut fangar opp den ekstraordinære nedsettinga av renter som følgjer av koronasituasjonen, seier administrerande direktør Nina Schanke Funnemark i ei pressemidling frå Lånekassen.

Renta i Lånekassen bereknast ut ifrå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden. I byrjinga av mai vil Lånekassen offentleggjera ny flytande rente med verknad frå 1. juli. Denne vil vera basert på marknadsrentene på bustadlån slik dei var gjennom mars og april. Fordi endringane i bankane si bustadlånsrente ikkje kom før i slutten av mars, vil ikkje den flytande renta frå 1. juli fullt ut reflektera dagens marknadsrente.

Flytande rente som gjeld frå 1. mai, er basert på observasjonar gjort i januar og februar, medan flytande rente som gjeld frå 1. juli vil vera basert på observasjonar i mars og april.

Få kundar bind renta

Kundar som ynskjer å binda renta frå 1. mai kan gjera det i perioden 10. til 17. april på nettsidene til Lånekassen.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og er basert på berekningar frå Finanstilsynet. Alle får automatisk flytande rente på studielånet sitt, men kan velja å søka om fastrente. 675 200 kundar har flytande rente, medan 38 300 har vald fastrente.