For andre gong i nyare tid har færre enn 100 trafikantar omkome på norske vegar. Førebelse tal frå Statens vegvesen viser at 87 mista livet i trafikken i 2021, mot 93 i 2020.

Fylka Nordland og Vestfold og Telemark kan skilta med den største nedgangen i antall dødsulukker - ei halvering samanlikna med 2020, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

I Vestfold og Telemark døydde fem mot 13 ifjor, og i Nordland er det tre drepne mot fjorårets ni.

Troms og Finnmark og Vestland ligg i andre enden av skalaen med ti døde på vegane i år mot seks i fjor, i begge fylka.

Det er også ein tendens til at færre middelaldrande og færre mjuke trafikantar blir drepne i trafikken. Diverre er tendensen stabil når det gjeld rus som medverkande faktor. I ein av fire ulukker er ruspåverking medverkande, eit tal som Vegvesenet reknar med vil halda seg også i 2022.