– Det er viktig at vi får inn lam no når fårikålsesongen står for tur. Vi treng også lam til å lage pinnekjøt. Viss det er mogleg for bønder å levere lamma no, så er det veldig bra for oss. Vi håpar det tek seg opp kjapt, seier Finn Avdem, fagsjef for småfe i Nortura, til Nationen.

Nortura er den største aktøren i marknaden, og per veke 36 har dei slakta vel 113.000 lam. Det er 33.000 færre enn på same tid i fjor, og tal frå bransjeorganisasjonen Animalia viser same tendens. Per veke 36 var det levert over 46.000 færre lam til slakt enn på same tid i fjor, ein nedgang på 17 prosent.

Avdem reknar med at sesongen er forseinka på grunn av dårleg vêr.

– Nokre stader i landet har beiteforholda gjort at lamma ikkje er slaktemodne når dei blir tatt ned frå fjellet. Dermed må lamma sluttfôrast før dei blir sende til slakt, seier Avdem.

Ein del bønder har også utsett sauesankinga på grunn av dårlege innhaustingsforhold i sommar og sein slått.

(©NPK)