Færre innleggingar i Helse Vest: – Det er berre å takka alle som har halde seg heime

DESINFEKSJON: Smitteverntiltaka er mange, her ved inngangen Førde sentralsjukehus.

DESINFEKSJON: Smitteverntiltaka er mange, her ved inngangen Førde sentralsjukehus. Foto:

Felles dugnad og strenge tiltak i befolkninga har hatt effekt på talet på sjukehusinnleggingar i Helse Vest. Kurva ser ut til å flata ut og Helse Vest hadde førre veke 370 færre innlagde pasientar med koronavirus enn estimert i prognosane.

DEL

Det melder Helse Vest i ei pressemelding. Felles dugnad og strenge tiltak i befolkninga har hatt effekt på talet på sjukehusinnleggingar i Helse Vest.

Tiltaka ser ut til å virka

Dei strengaste tiltaka som nokon gong er innførte i fredstid har no verka i rett over to veker. Tiltaka som blei innførte for å stansa koronaspreiinga i Noreg ser ut til å gi resultat, melder helseføretaket.

Fram til 20. mars vaks det akkumulerte talet på sjukehusinnleggingar med rundt. 36 prosent kvar dag. Det er ei dobling omtrent annankvar dag og svarar til det veldig mange andre land i vesten opplever no for tida.

Grafen under viserframskrivinga til og med fredag 27. mars med same vekstrate i lyseblått, i mørkeblå viser det faktiske talet.

SUMMEN AV INNLAGDE PASIENTAR SÅ LANGT: I lyseblå ser ein framskrivinga til og med fredag 27. mars med same vekstrate som fram til 20. mars.  i mørkeblå ser ein det faktiske talet. Det er verdt å merka seg at diagrammet viser summen av talet på innlagde pasientar hittil, og ikkje talet på innlagde pasientar per dag.

SUMMEN AV INNLAGDE PASIENTAR SÅ LANGT: I lyseblå ser ein framskrivinga til og med fredag 27. mars med same vekstrate som fram til 20. mars.  i mørkeblå ser ein det faktiske talet. Det er verdt å merka seg at diagrammet viser summen av talet på innlagde pasientar hittil, og ikkje talet på innlagde pasientar per dag. Foto:

– På ei veke «manglar» me 370 pasientar. Folkehelseinstituttet (FHI) anslår at om lag 20 prosent av dei innlagde pasientane vil ha behov for pustehjelp, noko som betyr at me i så fall hadde hatt 75 fleire pasientar i respirator per 27. mars. Så det er berre å takka alle som har halde seg heime! Enn så lenge har me klart å flata kurva, seier fungerande administrerande direktør i Helse Vest RHF, Ivar Eriksen.

40 smitta i Helse Førde sitt område

Helse Førde opplyser at det per søndag kveld er 40 stadfesta tilfelle av covid-19 i Helse Førde sitt område. På Førde sentralsjukehus er det to innlagde pasientar med stadfesta covid-19-smitte. Ingen av desse er under intensivbehandling.

31 av rundt 3.000 tilsette i Helse Førde er i karantene og to av dei tilsette har stadfesta smitte.

PREGA SJUKEHUSOMRÅDE: Slik såg det ut ved hovudinngangen til Førde sentralsjukehus før helga.

PREGA SJUKEHUSOMRÅDE: Slik såg det ut ved hovudinngangen til Førde sentralsjukehus før helga. Foto:

Dugnaden må halda fram

Sjukehusa i Helse Vest følgjer anbefalingane frå Helsedirektoratet og FHI og planlegg kapasiteten i sjukehusa i tråd med scenarioa til FHI. Vi håper på det beste men er rusta for det verste. Kva bane utviklinga følgjer avhenger av dugnaden i befolkninga og vil ha stor innverknad på talet på pasientar som treng behandling i sjukehusa.

– Det er ein maraton me er i gang med, ikkje ein sekstimetar. Det vil krevja mykje av oss, både i sjukehusa og som innbyggjarar, for å koma i gjennom denne pandemien på ein god måte. Og det gir iallfall meg energi til "å springa vidare", å sjå viljen og innsatsen medarbeidarane i sjukehusa og folk flest har for at me skal møte denne situasjonen best mogeleg, seier Eriksen.

Artikkeltags