Gå til sidens hovedinnhold

Færre enn før vil ha tilbake Sogn og Fjordane

Det er 53,2 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane som vil ha tilbake det gamle fylket.

38,2 prosent ynskjer Vestland skal halda fram som eitt fylke. Det kjem fram i den ferskaste meiningsmålinga InFact har gjort for avisene Sogn Avis, Firda og Firdaposten.

1.023 personar over 18 år busette i Sogn og Fjordane deltok i undersøkinga, som vart gjort 6. september.

Det same spørsmålet er blitt stilt i fem målingar. I desember 2020 var det nære på 70 prosent av dei spurde som ynskte å reversera samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til eitt fylke.

Den delen har gått ned i alle dei fire følgjande målingane. I september, og ei veke før stortingsvalet, har ja-fleirtalet minka til 53,2 prosent.

(© NPK)

Kommentarer til denne saken