Færre arbeidsledige: – Nesten meir enn eg hadde håpa

Talet på heilt arbeidsledige i Vestland fylke er redusert med 10.675 personar frå april til 20.677 ved utgangen av mai.

DEL

– Dette er nesten litt meir enn eg hadde håpa på, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør for NAV Vestland i ei pressemelding.

Arbeidsløysa i Vestland er no på 6,1 prosent og Norge har noko meir med 6,4 prosent.

Om lag halvparten av dei heilt ledige er 100 prosent permittert, og utgjer 10.712 personar.

– Når samfunnet no opnar i stadig større grad, ventar me at mange av desse kjem delvis eller heilt tilbake til arbeid framover, seier Bogsnes.

Auka

Talet på delvis sysselsette har auka med 3.459 personar sidan april, til 18.792 no ved utgangen av mai.

– Me vil likevel tolka dette positivt ved at stadig fleire kjem i arbeid, men ikkje rett inn i full stilling, seier Bogsnes.

Ser ein på dei ulike bransjane, har alle del i nedgangen. Innan serviceyrke og anna arbeid er det ein reduksjon på -2057, reiseliv og transport -1818 og butikk- og salsarbeid har ein reduksjon på -1815.

– Me ser altså at næringar som har vore særleg hardt råka av ulike restriksjonar, no opnar og tek inn fleire tusen i jobb att, seier Bogsnes.

Lite påverka

I nokre kommunar har næringslivet førebels nesten ikkje blitt påverka av koronakrisa. Lågast arbeidsløyse i dag har Vik med 1,7 %, Gulen med 2,7 % og Fjaler med 2,8 %.

I den andre enden finn ligg Aurland med 13,9 %, Hyllestad med 8,2 % og Ulvik med 7,5 %. Arbeidsløysa i Aurland er framleis høg, men likevel godt ned frå 20,5 % i april.

Bergen har vel halvparten av dei ledige i fylket med 11.381 personar, som utgjer 7,3 prosent jamført med eit fylkessnitt på 6,1 prosent. Bergen har likevel ein fin reduksjon, med 5.424 færre ledige.

Artikkeltags