Talet på heilt ledige i Vestland er redusert med over 700 personar frå september til oktober. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,4 prosent.

Den gradvise nedgangen i arbeidssøkjarar som står utan jobb, held fram, men ikkje like raskt som i sommar. Dette viser tal frå NAV for oktober.

– Det er gledeleg at stadig fleire av dei som vart ledige i vår, no kjem tilbake i arbeid. Diverre ser me at talet på langtidsledige framleis er høgt, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Varsla endringar vil verka på ulike bransjar

NAV Vestland har registrert 6.870 arbeidssøkjarar som har vore ledige i meir enn eit halvt år. Dette er ein nedgang på 0,4 prosent frå september.

– Me er spente på korleis dei varsla reverseringane av ulike støtteordningar vil verka på ulike bransjar. Dette vil påverka situasjonen framover for permitterte arbeidstakarar; om og når dei kjem tilbake til jobben dei er permitterte frå, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan reiseliv og transport (1.733), serviceyrke (1.285) og butikk- og salsarbeid (1.212), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (143), akademiske yrke (161) og undervisning (271). Aurland og Øygarden med flest ledige.

Samanlikna med i fjor finn me størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+329 personar), Askøy (+304) og Alver (+187 personar). I Bergen kommune er det no 6.490 ledige, ein auke på 2.934 sidan oktober 2019.

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (5,8 %), Øygarden (4,3 %), Bergen og Eidfjord (begge 4,2 %), medan Gulen, Gloppen (begge 1,2 %), Fjaler og Solund (begge under 1 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.

Snittet for heile fylket ligg på 3,4 prosent, som er lågare enn landsgjennomsnittet.