Det fortel Sara Christine Johnsborg, leiar NAV region Sogn i ei pressemelding.
Talet på personar heilt utan arbeid i Sogn er no 300 samanlikna med 368 ved utgangen av juli.
– Me ser størst nedgang i Sogndal med -39 og Aurland med -21. I dei andre kommunane er det mindre endringar både på pluss og minus. Arbeidsløysa er lågast i Vik med 1,4 prosent og framleis høgast i Aurland med 2,5 prosent, ned frå 4,6 prosent i juli.
Talet på delvis ledige fell også noko frå 323 i juli til 286 no i august.
Arbeidsløysa i Vestland fell frå 4,7 prosent i juli til 4,1 prosent i august som utgjer ein samla reduksjon på om lag 2000. På landsnivå er arbeidsløysa 4,3 prosent.
– Me er usikre på utviklinga i haust, då mange ukjende faktorar rundt pandemien vil påverka marknaden i fylket vårt framover, avsluttar Johnsborg.
Arbeidsløysa juli-august, kommunefordelt.