Færre 10. klassingar opplever mobbing

Færre elevar i Vestland opplever mobbing på 10. skuletrinn.

DEL

I Hordaland på 10. trinn svarte 6,2 prosent at dei har blitt mobba. Det er ein nedgang frå 7,2 prosent i fjor. For 10. trinn i Sogn og Fjordane svarte 5,1 prosent at dei var mobba, ein nedgang frå 5,4 prosent i fjor.

Det viser tal frå Elevundersøkinga 2019.

I Hordaland svarte 7,1 prosent av elevane på 7. trinn at dei har blitt mobba av medelevar, vaksne eller digitalt mobba av nokon på skulen 2–3 gonger i månaden. Dette er omtrent same andel som i fjor. I Sogn og Fjordane svarte 5,7 prosent at dei har blitt mobba, og det er ein nedgang frå 6,3 prosent i fjor.

Landsgjennomsnittet for 7. og 10. trinn er høvesvis 7,1 og 6,6 prosent.

– Utviklinga går rett veg i fleire kommunar i Vestland, men nokre kommunar må gjera meir. Det er viktig at alle kommunar held fram med å jobba systematisk for å sikra alle barn ein trygg og god skulekvardag. Elevar og foreldre skal møta ein skule med kloke lærarar og trygge vaksne, og ein skule som er fri for mobbing, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

Artikkeltags