Fare for ras på Strynefjellet

OPPHALDSVÊR: På Vikafjellet er det snø og isdekke, laber bris og opphaldsvêr.

OPPHALDSVÊR: På Vikafjellet er det snø og isdekke, laber bris og opphaldsvêr. Foto:

DEL

Strynefjellet er stengt på grunn av fare for ras. Det vert teke ny vurdering om fjellovergangen skal opnast klokka 10.00 i dag.

På Vikafjellet er det snø- og isdekke. Klokka 5.40 var det -10 grader, laber bris og opphaldsvêr.

På strekninga Tyin - Årdal er det snø- og isdekke. Klokka 5.55 var det -6 grader, laber bris og opphaldsvêr.

På Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke, og fare for glatte parti. Klokka 6.00 var det -7 grader, laber bris og opphaldsvêr.

På strekninga Hol - Aurland er det stort sett snø- og isdekke. Klokka 5.45 var det -10 grader og opphaldsvêr.

På Haukelifjell er det bart. Klokka 5.45 var det -11 grader, flau vind og klårt.


Artikkeltags