Gå til sidens hovedinnhold

Fare for alljoik i Sogndal: - Me gler oss sjukt mykje

Og det spelar ingen rolle kor mange som sit i salen.

– Me gler oss sjukt mykje til å spela konsertar att, seier Fred Buljo i KeiiNO.
I morgon er kulturhuset i Sogndal tredje stopp på turneen dei har venta så lenge på.

– Alle kan vera med

I ei pressemelding går det fram at trioen meiner det viktig å setja born og unge først når det endeleg er mogleg å gå på konsert att.

– Born og unge har fått liva sine påverka i veldig stor grad det siste året, difor har me vald å ha konsertane på denne turneen open for alle aldrar, slik at alle kan få vera med på festen. Me gler oss sjukt mykje til å kunne spela konsertar, sjølv om det er avgrensingar med tanke på publikum, seier Fred Buljo.

– Og me skal gje like mykje energi som om me spelte på ein festival med 30.000!

– Fare for alljoik

KeiiNO er godt kjend etter to deltakingar i Melodi Grand Prix og har sitt særpreg i kombinasjonen av pop og joik. Trioen slo gjennom med Spirit in the sky, som landa på ein særs respektabel sjette i Eurovision for to år sidan – etter å ha fått aller flest publikumsstemmer i Europa.

Dei 19 låtane deira er blitt strøyma over 65 millionar gogner på Spotify, ifølgje pressemeldinga. Ein av grunnverdiane som trioen forfektar er aksept for å kjenna seg annleis, eit tema som går att i tekstane.

Dei jobbar for at alle i verda kan føla seg like fri som nordlyset dansar over himmelen og alt alle skal kunne kjenna gleda av å joika, heiter det i pressemeldinga.

Også Førde er ein stoppestad her i fylket for bandet, i tillegg til Voss, Bergen og Stord.

Kommentarer til denne saken