- Me er veldig glade og takknemlege for støtta. Dette sikrar drifta vår ut året, og gjer at me kan halda fram med å laga eit best mogleg digitalt tilbod på nynorsk som når mange barn og unge, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør for Framtida.no og Framtidajunior.no.

For born og unge

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og ABC Startsiden etablerte nyhende- og debattavisa Framtida.no i 2010. I 2017 starta Framtidajunior.no for born mellom 7 og 13 år, der Sogn Avis er ein av bidragsytarane.Tiltaka stod utan støtte etter handsaminga av statsbudsjettet, men fleirtalet i Kulturkomiteen på Stortinget påpeikte at dette var viktige tiltak som burde vidareførast.Stortingspolitikar Terje Breivik (V) meiner løyvinga viser at nynorsktiltak er viktig for dei fire regjeringspartia.- Framtida.no og Framtidajunior.no er gode nynorsktiltak som leverer journalistikk til born og ungdom som ikkje har tilgang på si eiga målform elles, seier Breivik i ei pressemelding.

Ny rekord

Løyvinga gjeld for 2019 og er del av semja om revidert nasjonalbudsjett mellom dei fire partia på Stortinget.- At støtta no vert vidareført, er ei anerkjenning av det viktige arbeidet som vert gjort, og det bidreg vonleg til at born og unge opplever at formidling på nynorsk i seg sjølv har ein eigenverdi, meiner Liv Kari Eskeland (H), som er tidlegare styremedlem i LNK.Så langt i år har Framtida.no og Framtidajunior.no nådd over 110.000 brukarar kvar månad, noko som er ny rekord.

Meir føreseieleg

Nynorsk Forum sende i vår eit brev til Kulturdepartementet der dei 17 organisasjonane bad om at det blei løyvd midlar for å sikra at tiltaka blir vidareført.- Med denne løyvinga kan Framtida.no og Framtidajunior.no halda fram med drifta si i 2019, det er svært gledeleg. Framover er det eit mål å få gjort denne støtta meir føreseieleg, særleg når me ser at tiltaka har brei støtte blant målorganisasjonane og på Stortinget, seier Tore Storehaug (KrF).