Gå til sidens hovedinnhold

Får over 600.000 kroner til å restaurera mølla på Feigum

Artikkelen er over 2 år gammel

Tilskota frå kulturminnefondet til private eigarar er blitt dobla i løpet av få år.

Ny aktivitet

Til saman ni eigarar i Sogn og Fjordane får støtte til sine kulturminne i årets første tildeling. Totalt vert 2,2 millonar kroner løyvd til føremål som tek sikte på å restaurera, bevara og styrka ulike kulturminne. Av dei søkjarane som får størst del av kaka, er Kjell Feigum, som får 633.000 kroner til å restaurera mølla på Feigum. Sagbruket frå 1700-talet ligg ved utløpet av elva Feiga og eigarane har ved fleire høve tidlegare fått midlar frå Kulturminnefondet til restaurering. Feigum har lagt ned stor innsats saman med familien for å setja den gamle industristaden i stand og ynskjer på sikt å skapa ny aktivitet på staden.

 

Lærdom og arbeidsplassar

Det gamle tunet på Høg i i Luster og løa på Dragsvik i Balestrand fårhøvesvis 280.000 kroner og 120.000 kroner.I Vik får Alf Tore Hommedal 300.000 kroner til eit naust og Ragnar Alrek får 140.000 kroner til eit lagerhus på Alrek. I første kvartal har det vore handsama 488 søknader om til saman 220 millionar kroner. Den samla summen til dei 283 prosjekta som får støtte i denne omgangen, er på nær 58 millionar kroner. - Dei seinare åra har tilskota til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding. - Å ta vare på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, legg han til.

Raskare handsaming

Nytt av året er også det at Kulturminnefondet har slutta med årleg søknadsfrist og gjev i staden kontinuerleg støtte gjennom heile året. Det får Kulturminnefonet veldig gode attendemeldingar på frå private eigarar som vil setja i stand sine kulturminne. Den tida fondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned, i følgje pressemeldinga. - Innføring av løpande søknadshandsaming har skjedd etter framlegg frå eigarane av kulturminna og eg er særs nøgd med at det no fører til enklare søknadshandsaming og raskare handsamingstid, seier direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen.

Kommentarer til denne saken