Kommunal- og moderniseringsdepartementet betalar ut 12 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune, til utbetring av fylkesvegnettet etter uvêret og flaumen. Dette kjem fram i ei pressemelding frå departementet.Styrtregn og uvêr i juli i år førte til ein dramatisk flaum i Sogn og Fjordane. Jølster vart særskilt hardt råka. Lokalt kraftig regn førte til at elvar og bekkar voks kraftig på kort tid, og tok med seg stein, lausmassar og vegetasjon. Nedbørsmengdene førte til mange jordskred, flaum og stengde vegar, og evakuering av innbyggjarar og reisande.Tidlegare i haust fekk Jølster kommune nesten 30 millionar kroner for å reparera kommunal infrastruktur etter uvêret.