Fann mann omkomen i Gulen

DEL

Laurdag klokka 15.00 blei Vest politidistrikt varsla om at ein mann var funnen død i fjæresteinane ved Kvingesundsholmane i Gulen kommune, opplyser politidistriktet i ei pressemelding.

Vest politidistrikt melder at avdøde ikkje formelt er identifisert, men dei skriv i pressemeldinga at det er grunn til å tru at det er mannen som blei meld sakna etter drukningsulukka i Gulen tidlegare i veka.

Pårørande er varsla, men dei ynskjer ikkje at politiet frigir namnet på avdøde i dag.

Politiet melder at avdøde vil bli obdusert.

Artikkeltags