Klokka 10.05 søndag melde politiet om funn av klede som ligg ved elvebreidda i munninga mot sjøen i Lærdal.

Det var uvisst om nokon hadde falle i vatnet.Naudetatane rykte ut og starta søk.

Klokka 10.25 oppdaterte politiet med at dei har kome i kontakt med eigar av klede og gjenstandar på elvebreidda, og avklart at ingen er i naud.