Gå til sidens hovedinnhold

Fann den sakna med knekt fot

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet og Hovudredningssentralen Sør-Norge søkjer torsdag føremiddag med helikopter etter ein mann ved Fresvikbreen i Vik.

- Personen er i 20-åra, og er på besøk hjå ein kamerat i Fresvik, seier Ove Andersen, tenestestadsleiar ved Vik lensmannskontor.

Helikopter og lokalkjende til fots har ingen eksakt informasjon om kor den sakna personen kan vera.

– Kameraten opplyser at vedkomande, som er fjellvand, ville ta ein tur innover mot Huldakyrkja og Fresvikbreen. Etter planen skulle den sakna vera tilbake i bygda i går kveld, seier Andersen.

Det er ikkje mobildekning i søkjeområdet. Personen kan ha blitt tvinga til å overnatta utan at kameraten fekk denne meldinga.

Klokka 10.30 opplyser Vest politidistrikt at mannen er funnen. Han hadde knekt foten, men var elles i god form. Han hadde overnatta ved breen, og har kome seg ned til veg. Mannen vert køyrd til legevakta.

Kommentarer til denne saken