Ein entreprenør melde frå onsdag om det som truleg er ei bombekastargranat frå krigens dagar. Den vart oppdaga under gravearbeid på Bjørke på Voss.

Vest politidistrikt rapporterer at området er sperra av og Forsvaret er varsla.

Det er ikkje nokon som er evakuerte i området og der er heller ikkje tett busetnad.