Fann 99 umerka krepseteiner

Av

Dei tre siste vekene har Fiskeridirektoratet funne mange tilfelle av ulovleg fiske i Sør-Noreg.

DEL

Fiskeridirektoratet gjennomfører i desse dagar kontroll og observasjon av ulike fiskeri- og oppdrettsaktivitetar.

I løpet av de siste tre veke har Fiskeridirektoratet på kyststrekninga frå Trøndelag til Agder utført kring 143 kontrollar. I alt er 23 ulike forhold melde til politiet.

– Me fann blant anna 99 umerka krepseteiner i ei lenkje som stod i Hjeltefjorden utanfor Bergen. Teinene er teke med til politiet, og saka er meld. Dette viser at det diverre går føre seg ein del ulovleg fiske, seier Rolf-Harald Jensen, seksjonssjef for Sjøtjenesten i Fiskeridirektoratet.

(©NTB)

Artikkeltags