Den siste meldinga Christian (30) får frå pappa er laurdag ettermiddag.

«Stiller med beste laget i dag, deriblant Matic.»

Det skreiv han garantert for å provosera litt, for han visste godt at eg ikkje er nokon fan av Matic. Det var veldig typisk han å prøva å fyra litt opp på den måten der og få til ein diskusjon, han digga det.

Christian Sønstlien

Først lenge etter tenkjer han på at dette vart den siste meldinga han fekk frå pappa .

Mindre enn 24 timar seinare er pappa Jo Ragnar død.

Familien trudde Jo Ragnar (75) var i trygge hender: – Det gjer vondt å tenkja på kor redd han må ha vore

Publisert