Eit av skrekkscenarioa i Årdal er å få smitte inn verksportane. Etter at det blei påvist smitte i Årdal tysdag kveld har Hydro allereie teke folk ut frå arbeid.

Den smitta har vore i kontakt med fleire personar etter å ha vore på fest på Tya og Bakeriet, og dessutan på ein privat fest. Personen var også på fotballkamp søndag.

– Det er klart me blir uroa når me får smitte til bygda. Me har folk av oss som har vore på desse uteplassane i helga, men me har klare reglar på kva som skjer da, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, som er hjørnesteinsbedrifta i bygda med om lag 530 tilsette.

– Me er spente på kva som skjer vidare

Hydro har gode rutinar og tek alle forholdsreglar for at dette skal gå bra.

– Men det er klart at me er spente på kva som skjer utover kvelden og morgondagen. Men me er tett på situasjonen og har god kontakt med smittevernlegen i kommunen, seier Eldegard.

Mette Hestetun Berg, kommunalsjef for helse og oppvekst i Årdal kommune, ber om at dei personane som har vore på Tya og Bakeriet mellom kl. 22.00 og 02.00 natt til laurdag 31. juli og natt til søndag 1. august er ekstra nøye og følgjer med.

– Ta ein test dersom du utviklar symptom. Arbeidet med smittesporing er i gang og det er kalla inn eit utval personar til testing. Situasjonen er førebels uoversiktleg og me er budde på å få fleire smittetilfelle, seier ho.