Tilsette ved Høgskulen på Vestlandet har opplevd fusjonsprosessen som svært omfattande, kompleks og ambisiøs.

Den har også skapt slitasje i organisasjonen, skriv Høgskulen på Vestlandet (HVL) i ei pressemelding.

Det viser ei evaluering gjort av fusjonen utført av Nordisk instutitt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Onsdag vart denne offentleggjort og NIFU baserer si evaluering både på data frå spørjeundersøkingar, intervju og dokumentanalysar i perioden august 2018 til januar 2020.

Les rapporten her (ekstern lenkje)

Må utvikla felles kultur

I pressemeldinga går det fram at for utdanningane, forskinga og samhandlinga er HVL ein høgskule i vekst, men det står att arbeid med å utvikla felles kultur og god kommunikasjon i ein mykje større organisasjon med til dels lange vertikale linjer og geografiske avstandar.

Samtidig viser evalueringa at Høgskulen på Vestlandet er i ferd med å finna si form.

Rektor Berit Rokne er glad for at denne evalueringa av fusjonen og organiseringa av Høgskulen er gjennomført at NIFU:

– Funna reflekterer organisasjonen slik eg opplever den og også slik eg opplever at tilsette gjer uttrykk for, seier Rokne i pressemeldinga.

Endringstrøytte tilsette

Ho framhevar at ei viktig tilbakemelding er å vekkja større engasjement nedanfrå for HVL sin identitet som eit framtidig profesjons- og arbeidsretta universitet.

– Me må skapa gode arenaer i fakultet, institutt, administrative einingar og på campusa våre for slike diskusjonar, seier Rokne.

Hovudresultata peikar på ulike forhold ved den nyfusjonerte høgskulen og gjev også tilrådingar om kva organisasjonen bør jobba vidare med.

Mellom desse er:

  • Fusjonsprosessen har vore langvarig og kompleks. Den nye organisasjonen har berre i liten grad hatt tid til å setja seg i løpet av evalueringsperioden. Den faglege omorganiseringa har vore omfattande og dei fleste einingar finst no på tvers av geografiske avstandar. Sjølv om ein betydeleg større organisasjon nødvendigvis må få lengre vertikale linjer og ein høgare grad av formalisering, skildrar tilsette organisasjone som meir topptung, byråkratisk og tungrodd.
  • Forseinkingane i den administrative organiseringa har auka kjensla av uklarheit og fagleg tilsette rapporterer om ein større avstand til administrasjonen. Det er mange som meiner at det ikkje er godt samsvar mellom fagleg og administrativ organisering. Noko av dette kan truleg koplast til at den administrative organiseringa ikkje har hatt tid til å setja seg.
  • Tilsette i organisasjonen er endringstrøytte og organisasjonen vert prega av at den står fram som utydeleg for dei tilsette og som resultat nyttar tilsette lang tid på å finna ut kven som er ansvarlege for kva. Høgt endringstempo har også svekt moglegheitene for medverknad.
  • Sjølv om evalueringa viser at det framleis er betydeleg uro og frustrasjon i organisasjonen, finst det også ei rekkje positive teikn. HVL har gjennom heile perioden hatt god gjennomføring i utdanningane, det har blitt etablert nye doktorgradsprogram, det er ei auke i ekstern finansiering og vitskapleg publisering. Det er likevel bekymringar mellom dei tilsette knytt til den faglege verksemda, inkludert balansen mellom forsking og utdanning, små og store einingar og store og små studiestader.