– Me fekk melding klokka 21.39 om røykutvikling i eit hus i Leighgota i Sogndal. Det var bebuarar som ringde inn, fortel vaktkommandør Helge Lund hjå Alarmsentralen 110 Vest.

Det er fleire leilegheiter i bygget som ligg i nærleiken av Amfi Sogningen. Brannvesenet er framme på staden. Alle i huset vart evakuerte frå leilegheitene.

– Det var lett røyk i andre etasje, og det er mogleg at det har vore svidd noko i ein madrass. Men me har kontroll på staden, og det er ingen personskade, seier Lund.