Eva klar for Jordeplerock

KLAR: Eva Weel Skram er klar for Jordeplerock i slutten av juni.

KLAR: Eva Weel Skram er klar for Jordeplerock i slutten av juni. Foto:

Fredag 26. juni skal Eva Weel Skram stå på scenen under Jordeplerock i Lærdal.

DEL

Frå tidlegare er det kjent at DDE, Odd Nordstoga, Vidar Villa, Ruben og Trang Fødsel vert å sjå på Jordeplerock 2020. Dette er årets siste artistslepp, og programmet til Jordeplerock 2020 er difor klart, skriv arrangøren i ei pressemelding.

Finna heim

Ho har treft ei nerve hjå det Norske folk, og har verkeleg etablert seg som ein av landets aller mest folkekjære artistar. Albumet «Finne heim» er hennas fyrste utgjeving med Norske tekstar. Eit album som fekk strålande mottaking av både presse og publikum. Heilt sidan Eva Weel Skram byrja å syngja på morsmålet etter deltakinga i «Hver gang vi møtes» har det gått slag i slag for Sogndalsjenta, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange.

Singlane frå det nye albumet vart slept som perler på ei snor, og publikum kan gleda seg til å få servert favorittar som «Om du vil» og «Hold meg» i tillegg til Evas vakre tolkingar av storheiter som Ole Paus og Henning Kvitnes.

Stor stas

– Det er sjølvsagt stor stas for oss å kunngjera at Eva Weel Skram kjem til Jordeplerock 2020. Ikkje berre er ho sogning, ho er også ein av landets aller beste artistar. At Eva Weel Skram vert slept som siste artist til årets festival er ikkje tilfeldig, for det er noko med å spara det beste til slutt, seier Helge Evensen Bjørkum, informasjonsansvarleg i Jordeplerock.

Han legg til at Eva, som alltid, tek med seg ektemannen Thomas Stenersen.

Artikkeltags