ETTERLYST: Føraren av denne Teslaen ynskjer politiet å få kontakt med etter dødsulukka i Flåm (Foto: Politiet)

Etterlyser føraren av kvit Tesla etter dødsulukka i Flåm

Like før ulukka skjedde, vart det gjort opptak av ein Tesla frå eit dashbordkamera.

Publisert 08.11.2019 kl. 12.50. Oppdatert kl. 12.51.

Politiet har no fått tilgang til ein video som viser ein kvit Tesla modell 3. Denne køyrer på E16 i retning Flåm kring klokka 18.35 ulukkeskvelden.


- Me ynskjer å koma i kontakt med føraren av denne bilen, seier Knut Arne Klingenberg, tenestestadsleiar for politiet i Aurland og Lærdal. 


Det var tre bilar involverte i ulukka 1. november der 51 år gamle Nina Møgster frå Flåm omkom. Desse bilane er ein grå Tesla modell S, ein blå Toyota Auris og ein grå Audi A3 Sportback e-tron. I tillegg ynskjer altså politiet å ta kontakt med føraren av ein kvit Tesla. 


Politiet etterforskar ulukka for fullt og har mellom anna beslaglagt førarkortet til ein av førarane av bilane som var involvert. 


 


Vurderer Kripos

I samband med etterforskinga vert det vurdert å gjennomføra ei rekonstruksjon av ulukka. 


- Det har vore snakk om det, men det er ikkje datofesta. 


Til dette arbeidet kan det vera mogleg at lokalt politi får bistand frå Kripos. 


- Det kan godt tenkast utan at eg kan bekrefta det, seier Klingenberg. 


Avhøyrer fleire

Klingenberg seier at sju-åtte personar har meldt seg etter at politiet gjekk ut og ynskte at vitne tok kontakt.


- Dette følgjer me opp no, mellom anna med avhøyr, seier Klingenberg.


Han vil ikkje seia meir om kva som har skjedd.


- Me er midt i etterforskinga, seier han.


Les meir om: Nyhende Aurland