Norled melder søndag ettermiddag at frå klokka 21 på 1. juledag, så blir B-ferja på Mannheller - Fodnes innstilt. Det vil sei at berre A-ruta går resten av kvelden.

Årsaka er mannskapsmangel på grunn av sjukdom, melder Norled driftsvakt.

B-ferja går som normalt frå måndag morgon, og så reknar Norled med at ein har nok folk til neste nattskift på ferja.