– Eg tenkjer ofte: Får eg betalt for det her? Dette er jo berre gøy, seier Veronica Danielsen (25), og ler.
Ho har nettopp byrja i jobben som formidlar på ViteMeir, og til nyttår får ho Eskil Nore Kveim (28) som kollega.
– Det finst ikkje mange slike jobbar her i landet, og me får jobba med den kjekkaste delen, seier formidlingsleiar Åse Neraas (39), som også er relativt fersk i jobben.
Dei skal jobba med å formidla fag og kunnskap på vitensenteret på Kaupanger, med engasjerande triks og morosame eksempel.
ViteMeir søkte etter digitale poteter. Formidlarane skal kunne brukast til mykje, og digital kunnskap og evne til å gjera seg nytte av det, blir viktig.
Flammedrill engasjerte elevane
Veronica har erfaring med populærvitskapleg formidling, som journalist, og kan dessutan nokre kule flammetriks.
Ho har drive med drill og flammedrill i mange år. Nyleg møtte ho sjetteklassingar, og hadde med seg flammestavar. Det fekk dei til å sperra augo opp, og ville ta selfie med ho etterpå.
– Når nerdane blir rockestjerner – det er draumen, seier Åse.
– Det var ei god kjensle, og det var moro å møta dei allereie før me opnar, seier Veronica.
ViteMeir stoppar ikkje der. Med to som kan vera sirkusartistar på plass, ser dei etter ein som er ordentleg handy.
– Me kjem til å tilsetja fleire til neste år. Me treng ein Reodor Felgen, ein som gjerne har litt Petter Smart i seg. Ein kombinasjon av reparatøren og oppfinnartypen, seier Neraas.
Skal læra bort programmering
Veronica Danielsen er frå Ramnes, og har mastergrad i fysikk didaktikk. Eskil Nore Kveim er frå Treungen i Nissedal, og har jobba i matteseksjonen på Høgskulen på Vestlandet (HVL) – som han framleis skal vera knytt til ei stund framover.
Programmering blir eit nøkkelord for formidlarane på ViteMeir. Programmering blir stadig viktigare i utdanningsløpet til den oppveksande generasjon.
– Alle sjetteklassingar skal no innom Super:bit. Det er ei lita datamaskin i form av eit kort som blir kalla Mikro:bit. Denne skal elevane programmera til å gjera ting, seier Neraas.
Eskil meiner micro:bit er bra på å gje respons med ein gong, og elevane skjønar lettare kva dei har gjort feil. Elevane skal også bruka det til konkrete eksperiment.
– Eit døme er ei som ringde mor si kvar dag og bad ho ta opp kikkerten og sjå ned på bensinstasjonen. Slik kunne ho få sjekka bensinprisen og vurdera kvar ho skulle fylla. I staden for å gjera det kvar dag, vart det sett opp webkamera med ein micro:bit programmert til å senda opplysningane til ei webside ho kan logga seg inn på, seier Kveim.
28-åringen kom til regionen for sykling og skikøyring. No har han blitt meir rotfesta i Sogn og er blitt sambuar med ein kauping. Eskil var ikkje i tvil då ViteMeir søkte etter formidlarar.
– Eg er utdanna grunnskulelærar. Eg har sakna å koma nærare på både barn og unge, og grunnskulen, og denne stillinga såg så spennande ut at det måtte berre prøvast, seier Kveim.
10.000 elevar
ViteMeir fekk kring 25 søkjarar til stillinga. Neraas tykkjer den responsen er veldig god med tanke på at dei søkjer både fagleg sterk kompetanse og gode formidlingsevner.
Over nyttår skal dei i gang med å besøkja skular. Målet for senteret er å nå 10.000 elevar per år, men det er lange avstandar i Sogn og Fjordane.
– ViteMeir på hjul skal me få i gang ganske kjapt neste år. Me lagar og ei menyliste som skulane kan plukka av, seier Neraas.
Opplegg med ViteMeir gjer at skulane kan kryssa av på kompetansemål, slik at senteret blir eit reelt verktøy for opplæringa.
Skreddarsydde opplegg blir viktig for senteret, og trioen gler seg til å gå i gang.
– Eg trur andre som jobbar med slikt er ganske misunnelege på oss som får bygga dette opp frå botnen av, seier Eskil og smiler breitt.