Erling Sande i tet, Heen på 2.plass

I NOMINASJONSTOPPEN: Aleksander Heen er føreslegen på 17 av dei 18 listene som nominasjonsnemnda i Senterpartiet har fått inn.

I NOMINASJONSTOPPEN: Aleksander Heen er føreslegen på 17 av dei 18 listene som nominasjonsnemnda i Senterpartiet har fått inn. Foto:

Tidlegare stortingsrepresentant Erling Sande har fått flest framlegg i første runde av Sp-nominasjonen.

DEL

Glopparen er føreslegen på 17 av dei 18 listene nominasjonsnemnda har fått inn. Aleksander Øren Heen få Årdal er føreslegen på 15 av listene og på tredjeplass finn ein ungdomskandidaten Emma Berge Ness frå Sunnfjord med 14 framlegg.

Det er lokallaga i Senterpartiet, samt fylkeslaga i Senterkvinnene og Senterungdomen som var inviterte til å koma med framlegg på kandidatar. Desse vil no bli inviterte til 2. runde der ein skal setja opp 10 namn i prioritert rekkefølgje. Svarfrist er 15. september 2020.

Senterpartiets nominasjonsnemnd har spurt dei fire fremste på lista frå 2017 om ja eller nei til renominasjon. Av desse takka Sigurd Reksnes – Stad og Aleksander Øren Heen ja til renominasjon. Liv Signe Navarsete – Lærdal og Steinar Ness – Sunnfjord takka nei.

Senterpartiet sitt nominasjonsmøte skal vera i slutten av november 2020. Nominasjonsnemnda legg opp til å ha klart sitt endelege framlegg i midten av oktober.

Artikkeltags