Gå til sidens hovedinnhold

Er det mogleg med automatiserte ferjeløysingar over Sognefjorden?

Statens vegvesen ønskjer å leggje til rette for digitale og automatiserte løysingar på ferjesambandet Lavik – Oppedal i Sogn, eitt av 16 riksvegferjesamband etaten har ansvar for.

– Vi har tradisjon for å bruke rolla vår som innkjøpar til å akselerere utviklinga for å nå måla som er sette for transportsektoren, til dømes innføring av nye energiberarar. Vi inviterer difor bransjen til dialogkonferanse om digitalisering og automatisering av ferjedrifta, seier prosjektleiar Joachim Rønnevik på ferjeavdelinga i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Konferansen går av stabelen i Oslo Kongressenter 29. september, og er retta mot reiarlag, leverandørar og andre med interesse for den norske ferjemarknaden.

Statens vegvesen vil ha konkrete, aktuelle løysingar retta mot det neste store ferjekjøpet på riksvegsambanda, nemleg Lavik – Oppedal på E39 der dagens kontrakt går ut 31. desember 2024. Kontrakten har opsjon på forlenging med inntil eitt år.

Løysingane her vil kunne bidra til å navigere kursen for vidare digitalisering og automatisering i komande kontraktsutlysingar på riksvegferjesambanda.

Automatiserte løysingar er alt testa ut på fleire ferjesamband, mellom anna Moss-Horten.

Her sit kapteinen framleis med «handa på rattet» og overvakar, sjølv om ferja kan gå frå kai, krysse Oslofjorden og leggje til av seg sjølv.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken