I 2019 vart 78 saker registrerte som hatkriminalitet. Det er ei auke på 82 prosent frå 2018 og 169 prosent frå 2017.
Hatkriminalitet er straffbare handlingar motiverte av fordommar knyta til etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonshemming. Denne typen kriminalitet er oftast vald og truslar.
Politiet har prioritert dette området særskild i 2019, både internt og i samarbeid med andre.
Åtte drepne
Det blei registrert åtte drap i distriktet i fjor, noko som utgjer 30 prosent av alle drap i Noreg i 2019.
Av drapsoffera er fire menn og fire kvinner. Alle dei sikta er menn.
Alle drapssakene er rekna som oppklara.
Fokus på bakmenn i narkotikakriminalitet
Dei siste åra har politiet fokusert på bakmenn når det kjem til narkotikakriminalitet. Tala syner ein oppgang i grove narkotikasaker i 2019 samanlikna med dei siste fire åra, medan dei mindre alvorlege narkotikasakene går ned og er på det lågaste nivået den siste femårsperioden.
Vest politidistrikt meiner tala speglar politiet sin innsats på området og gjev ikkje eit haldepunkt for å seia at det har vore ein nedgang i sal eller bruk av narkotika i politidistriktet.
Fleire har økonomiske utfordringar
Vest politidistrikt opplev at stadig fleire har økonomiske utfordringar. Dei siste fem åra har dei opplevd ein vekst på 53 prosent i talet på kravsmål om utlegg, der personar eller verksemder skuldar pengar. Men i 2019 erfarte distriktet ein liten nedgang til 45.569 saker, noko som kan tyda på at veksten dei siste fem åra kan ha nådd toppen. Samstundes registrerte dei ei sterk auke i talet på søknader om gjeldsordning i 2019, noko dei trur kan ha ein samanheng med den mangeårige veksten i krav om utlegg.
Vest politidistrikt melder at vinning utgjer den største delen meldte lovbrot i 2019, trass i at det har vore ein nedgang på 30 prosent av denne typen lovbrot dei siste fem åra.
Fleire ringjer 112
Vest politidistrikt sin operasjonssentral tok imot 78.217 telefonar til 112 i 2019. Dette er ei auke på 29 prosent samanlikna med 2018.
98,2 prosent av dei som ringde fekk svar innan 20 sekund, noko som er godt over kravet til svartid.
Politidistriktet er så vidt over krava til responstid i saker som krev rask utrykking. Responstida er tida det tek frå telefonen ringjer ved operasjonssentralen til første politieining er på staden. Vest politidistrikt har mål om å få ned responstida i 2020, det har også politidistrikta i resten av landet.
Høg tillit og kortare sakshandsamingstid
I politiet si årlege innbyggjarundersøking kjem det fram ei lita auke i tillit til politiet i Noreg. Nasjonalt svarar 79 prosent av dei spurde at dei har ganske eller svært stor tillit til politiet. Dette er ein oppgang på 3 prosentpoeng frå 2018. Tilsvarande svarar 76 prosent det same i Vest politidistrikt, dette er ein oppgang på 1 prosentpoeng.
Totalt 30.880 saker blei påtaleavgjort i 2019, og det var ein oppklaringsprosent på 50,7. Dette er om lag likt som i resten av landet.
Vest politidistrikt har sidan 2018 prioritert å få ned talet på eldre ikkje-påtaleavgjorde saker. Etter ein sterk reduksjon av eldre saker i 2018, gjekk talet noko opp i 2019. Likevel ser dei ein reduksjon i sakshandsamingstid i politidistriktet i 2019 på 50 dagar i gjennomsnitt. I tillegg til færre eldre saker, gjev den nyoppretta eininga Felles straffesaksinntak raskare avgjerder i mange mindre alvorlege saker, melder politidistriktet.