Gå til sidens hovedinnhold

Enorm auke i dødsulukker i september

Dødstala for september er høge i år mot i fjor.

I år omkom 16 personar i trafikken i september, mot to i fjor. 15 av dei var menn og ei kvinne. Dei fleste ulukker var utforkøyrings- og møteulukker. Fem av dei var MC-ulukker, ei av dei i Vestland.

Så langt i år er 70 personar drepne i trafikken i Noreg, det er fire fleire enn tilsvarande periode i fjor, viser tal frå Statens vegvesen.

MC ulukker

Fem menn i alderen 25–46 år døydde i MC ulukker i september i år. Fire av dei var utforkøyringar.

– Morosyklistar er sårbare og spesielt utsett for alvorlege ulukker, seier Guro Ranes, leiar for trafikksikkerheit i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Ho peikar at MC-sesongen har vore ein av dei me færrast ulukker, men at september har hatt nesten like mange ulukke som resten av året. Framleis er det færre dødsulukker på MC i år med 12 ulukker mot 16 i fjor på same tidspunkt.

– Me går inn i mørketida med glatte vegar, mykje regn og snart frost og snø mange stader. Sikkerheitsmarginane er mindre enn elles, og dette må trafikantane ta omsyn til. Det er særleg viktig å merka seg for dei som køyrer motorsykkel utover hausten, seier Ranes.

Kommentarer til denne saken